Listhaug deler ut 69 nye oljelisensar

Olje- og gassnæringa får tilbod om 69 nye leitelisensar på norsk sokkel. Det får miljørørsla til å rase.
innenriks

Olje- og energiminister Sylvi Listhaug (Frp) kunngjorde dei såkalla TFO-tildelingane på Oljeindustripolitisk seminar i Sandefjord, slik òg forgjengarane hennar har hatt tradisjon for å gjere.

Alt i alt har 28 selskap fått tilbod om eigardelar i 69 nye leitelisensar, mellom dei 13 lisensar i Barentshavet.

– Eg er stolt over å kunne tilby så mange nye utvinningsløyve i årets TFO-runde – den tredje største gjennom tidene, og det trass i dei store tildelingane vi har gjort dei førre åra, sa Listhaug i talen sin.

– Dette er viktig for å sikre lønnsame arbeidsplassar, verdiskaping og statlege inntekter framover, sa ho.

«Eit svik»

Men olje- og energirørsla har ikkje miljøvernarane med seg.

– Listhaug gav oss akkurat 69 nye grunnar til at ikkje denne regjeringa bør få halde fram, seier MDGs stortingsrepresentant og nasjonale talsperson Une Bastholm.

– Innan 2050 må verda ha slutta med fossil energi, og dei globale utsleppa vere lik null. Likevel vil altså Listhaug at Noreg skal leite etter meir olje og gass. Det er eit svik mot alle som veks opp i dag, seier ho.

SVs Lars Haltbrekken meiner det no er «heilt tydeleg» at Frp har festa grepet om oljepolitikken i regjeringa.

– Det lovar dårleg for diskusjonen om iskanten seinare i år, seier han.

Ei handfull aktivistar frå Greenpeace Noreg, Natur og Ungdom, Spire og Extinction Rebellion møtte tysdag ettermiddag opp utanfor statsministerbustaden i Oslo for å protestere mot lisensane.

Resirkulerte areal

Bransjen melde for delen sin om store forventningar til kunngjeringa.

– TFO er usedvanleg viktig fordi det er på den måten ein får tilgang til nytt areal for selskapet sitt, sa næringspolitisk direktør Timmy Hansen i Norsk olje og gass til NTB i forkant av Listhaugs tale.

TFO står for tildeling i førehandsdefinerte område. Hansen beskriv det som ei «resirkulering» av område som allereie er opna for olje- og gassverksemd. Blokkene ligg i område nær planlagd og eksisterande infrastruktur, og som er velkjende etter fleire år med leiteverksemd.

Tildelinga av leitelisensar i mindre kjende område er lagde på is i vente på den nye forvaltningsplanen for Barentshavet, som blir lagd fram seinare i år. Der skal òg striden om iskanten avgjerast.

Offensiv politikk

Av lisensane som no blir delte ut, går 23 til Equinor, mellom dei 14 som operatør, medan 17 lisensar går til Vår Energi, 15 til Aker BP, 13 til Neptune, 12 til Lundin og 10 til DNO.

Frps energipolitiske talsperson Terje Halleland meiner kunngjeringa på tysdag vitnar om ein offensiv oljepolitikk.

– Det at så mange aktørar ønsker å delta i denne prosessen, aukar moglegheitene for nye funn og er gode nyheiter for alle som er opptatt av framtidig verdiskaping og sysselsetjing frå næringa, seier Halleland.

Han påpeikar at bransjen er heilt avhengig av nye funn for å halde oppe dagens aktivitetsnivå.

(©NPK)