Kripos meiner revolver truleg ikkje er Orderud-våpenet

Kripos meiner våpenet Tore Sandberg overleverte før jul, truleg ikkje stammar frå Orderud-saka, seier leiar i Gjenopptakingskommisjonen.
innenriks

– Prøveskytinga talar med stor sikkerheit for at prosjektila ikkje er utskot frå revolveren, opplyser Siv Hallgren, leiar for Gjenopptakingskommisjonen, til NTB.

Ho fortel at Kripos har gjennomført våpentekniske undersøkingar og samanlikna nokre prosjektil frå Orderud-saka med prosjektil frå våpenet.

Undersøkte kopling

I romjula vart det kjent at privatetterforskar Tore Sandberg, som jobbar på oppdrag frå Per og Veronica Orderud, hadde levert ein revolver til Gjenopptakingskommisjonen som er av same type som den som kan ha vorte brukt ved Orderud-drapa.

Revolveren er ein Colt Police Special, som Sandberg meinte kunne ha ei kopling til drapssaka.

Sandberg opplyste at han fekk overlevert revolveren frå ein person i Holmestrand-området, men ønskte ikkje å opplyse om kven denne personen er.

Rapporten med resultata av undersøkingane er no overlevert Gjenopptakingskommisjonen. Undersøkingane har mellom anna bestått i prøveskyting og samanlikning av prosjektil av våpenet med prosjektila funne under etterforskinga av drapa på Orderud gard.

Funn av tre prosjektil

Både Nes heradsrett og Eidsivating lagmannsrett la til grunn at eitt av dei moglege våpena som vart brukte i drapet på Orderud gard i 1999, var ein revolver av same type.

På Orderud gard vart det funne tre prosjektil av kaliber .38. Sandberg har kravd at desse prosjektila skulle samanliknast med prosjektil frå revolveren.

Kripos fekk våpenet frå kommisjonen 20. desember.

I 2002 vart Per og Veronica Orderud dømde til 21 års fengsel i Eidsivating lagmannsrett for trippeldrapa på Orderud gard i 1999. Kristin Kirkemo og Lars Grønnerød vart dømde til høvesvis 16 og 18 års fengsel.

(©NPK)