Fire menn er no sikta i drapssaka i Bergen

Politiet i Bergen har tatt ut sikting mot fire menn etter at ein mann og ei kvinne vart funne drepne ved Osavatnet måndag.
innenriks

Tre av dei er sikta for drap eller medverknad til drap, medan ein er sikta for å ha bidratt til å øydeleggje bevis. To av mennene vart arrestert måndag kveld og to vart arrestert tysdag.

Av dei to mennene som vart arrestert måndag, vil den eldste, ein 56-åring ikkje forklare seg, medan den yngste, ein 36 gammal mann vart avhøyrde tysdag.

– Han har gitt ei lang forklaring til politiet, og erkjenner ikkje straffskuld for drap eller medverknad til drap. Han vil be om å bli sett fri under fengslingsmøtet, onsdag, seier forsvararen til mannen, advokat Kjetil Ottesen, til Bergens Tidende.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland i Vest politidistrikt sa på pressekonferansen til politiet tysdag kveld at dei to sikta blir framstilte for varetektsfengsling onsdag.

Ytterlegare to sikta

I tillegg til desse to, arresterte politiet ein mann i 30-åra i ein væpna aksjon mot ei leilegheit i ei bustadblokk i Arna tysdag.

Han blir avhøyrd tysdag og har fått utnemnt advokat Erik Mjell som forsvarar. Politiet hadde måndag kveld ikkje tatt stilling til om han òg skal framstillast for varetektsfengsling onsdag.

– I denne bustaden var det òg to andre menn. Dei er avhøyrde i dag. Ein av dei er sikta for å ha øydelagt bevis. Vi prøver òg å få avhøyrt han i kveld, sa Høyland, som har stadfesta at dei sikta og avdøde er kjente av politiet frå før.

Den endelege obduksjonsrapporten finst ikkje, men politiet seier no at dei førebelse resultata dei har fått frå Gades Institutt styrkar hypotesen om at det dreier seg om drap.

30 personar i sving

Politiinspektør Tore Salvesen i Vest politidistrikt opplyste at det framleis går føre seg både operative og tekniske undersøkingar, blant annan i bustaden i Møllendalsveien, som politiet ser på som sentral i etterforskinga.

– Kripos hjelper både teknisk og taktisk. Per no er 30 personar i sving, inkludert Kripos. Vi ønsker framleis tips i saka, sa han.

Politiet veit framleis ikkje kva som har skjedd med kvinna og mannen som vart funnen drepen. Dei undersøkjer om dei kan ha vorte drepne ein annan stad og frakta til funnstaden.

Blodige gjenstandar

Måndag avhøyrde politiet vitna til eit 30-tal i saka. Det inkluderte turgåarar i området, i tillegg til omgangskretsen til dei avdøde og naboar av dei.

Dei avdøde, ei 29 år gammal kvinne og ein mann i 40-åra, vart funne under ein presenning i det populære turområdet måndag ettermiddag. Det var turgåarar som varsla politiet etter å ha funne blodige gjenstandar i området.