Øyafestivalen mistar statleg millionstøtte

Øyafestivalen i Oslo og Bergenfestivalen får ikkje ei krone av Kulturrådet neste år. Dramatisk og overraskande, seier festivalsjefane.
innenriks

Torsdag fekk Øya beskjed frå Kulturrådet om at dei mistar all festivalstøtte frå 2020. I år fekk Øya 1,2 millionar frå festivalstøtteordninga til Norsk kulturråd.

– Dette kom veldig overraskande. Støtta har vorte gradvis kutta etter at knutepunktordninga vart lagt over til den nye festivalstøtta. Men å gå frå 1,2 millionar til null i støtte var vi ikkje førebudd på, seier dagleg leiar Tonje Kaada i Øyafestivalen til Dagsavisen.

Også Bergenfest er nulla av Kulturrådet. Festivalen fekk 550.000 i støtte for 2019.

– Dette er veldig rart. Eg er forundra over saksbehandlinga til Kulturrådet. For oss er dette dramatisk, seier dagleg leiar Frank Nes.

– Etter vår oppfatning kan midlane frå tilskotsordninga komme betre til nytte hos andre festivalar, sa utvalsleiar i Kulturrådet, Jan Ole Otnæs i pressemeldinga ved tildelingane på torsdag.

Øyafestivalen er Noregs største musikkfestival og samlar over 17.000 publikummarar dagleg på festivalarenaen i Tøyenparken i august kvart år. Festivalen har vore utseld 18 år på rad.

Festivalen får 1,55 millionar i driftsstøtte frå Oslo kommune. I 2018 vart aksjemajoriteten i Øyafestivalen seld til festivalselskapet Superstruct, som driv fleire store europeiske festivalar, og er eigd av det internasjonale oppkjøpsfondet Providence Equity.

(©NPK)