Skatteetaten endrar reglar etter avsløring

Skatteetaten endrar reglane etter NRK-avsløring om at Nav-brukarar har betalt for mykje i skatt.
innenriks

Fram til no har Nav-brukarar fått krav om å betale tilbake heile beløpet dei har fått av Nav, inkludert det dei har betalt i skatt.

No endrar Skatteetaten reglane.

– Frå årsskiftet endrar vi regelverk og praksis og ordnar opp i skatteforholda direkte med Nav for dei som må betale tilbake ei yting. Du slepp dermed å betale tilbake pengar som du sjølv aldri fekk, og vil ikkje risikere å komme i ein situasjon der staten skylder deg pengar, skriv skattedirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Det var NRK som først omtalte saka og regelendringa.

Ifølgje ei pressemelding frå Skatteetaten er det opptil 17.500 personar som har betalt for mykje skatt.

Dei som er rørte, betaler i dag tilbake alle typar Nav-ytingar.

(©NPK)