Regjeringa opnar for mellombels dobbeltflagging

Regjeringa prøver å hindre permanent utflagging ved å opne for at skip i ein avgrensa periode kan vere registrert i to skipsregister samtidig.
innenriks

– I dag flaggar skip ut av norsk skipsregister fordi Noreg ikkje opnar for bareboat-utflagging. Tilbakemeldinga frå næringa er at bareboat-innflagging kan auke talet på norske skip under norsk flagg og styrke sysselsetjinga av norske sjøfolk, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Sysla.

Såkalla bareboat-utflagging inneber å mellombels føre eit utanlandsk flagg. Enkelte statar krev nemleg nasjonalt flagg for å tillate skip å operere på kontinentalsokkelen i landet eller segle innanriksfart.

Det blir òg opna for at utanlandske skip kan føre norsk flagg i ein avgrensa periode, noko som kallast bareboat-innflagging.

– Dette gir næringa tilgang til nye marknader, samtidig som det kan hindre permanent utflagging frå norske skipsregister, seier Røe Isaksen.

Eit skip som blir bareboat-registrert, vil behalde dei privatrettslege funksjonane til det opphavlege skipsregisteret, men seglar under flagget til det nye registeret, ifølgje Skipsrevyen, som også omtaler saka.

(©NPK)