Pressesjef: Gale å seie at Ahmed ikkje vil svare på spørsmål

Det er ei misforståing at Etiopias statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed ikkje vil svare på spørsmål under opphaldet i Noreg, ifølge pressesjefen hans.
innenriks

– Det er gale å seie at han ikkje vil svare på nokon spørsmål. Vi har fått mange medieførespurnader og anerkjenner at dette er god profilering for Etiopia, seier pressesjefen i statsministeren Billene Seyoum til NRK torsdag.

Det vekte oppsikt då det denne veka vart kjent at Ahmed ville droppe både pressekonferansen i Oslo, fredsfesten til barna og nobelintervjua med NRK, BBC og Al Jazeera når han kjem til Noreg for å få prisen. Seyoum avkreftar ikkje at planen framleis er å droppe desse tradisjonelle arrangementa.

Ifølgje Berit Reiss-Andersen, som er leiar i Nobelkomiteen, har Nobelinstituttets direktør Olav Njølstad reist til Etiopia for å rå Ahmed til å følgje tradisjonen til nobeldagane og vere i dialog med pressa, ifølgje NRK.

– Han gir uttrykk for at han ikkje ønsker det, seier Reiss-Andersen.

(©NPK)