Høie gir seg i Høgre-leiinga, Sanner ønsker attval

Bent Høie gir seg som nestleiar i Høgre og blir fylkesmann i Rogaland etter stortingsvalet i 2021. Nestleiarkollega Jan Tore Sanner går for attval.
innenriks

Høie har takka nei til attval som andre nestleiar, men held fram som helse- og omsorgsminister.

– Eg er utruleg takksam for å ha fått moglegheita til å vere ein del av Høgres leiing i så mange år og er veldig glad for å sjå at det er så mange flinke folk i partiet som kan overta, seier Høie.

Resten av medlemmene i Høgres arbeidsutval, nemleg nestleiar Jan Tore Sanner, Torbjørn Røe Isaksen og Gunn Cecilie Ringdal, ønsker attval. Det er òg for lengst klart at Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg ønsker ein ny periode.

Det same gjer tre av dei landsmøtevalde medlemmene av sentralstyret, nemleg Erling Kagge, Mudassar Kapur, og Hanne Alstrup Velure. Janne Fardal Kristoffersen ønsker derimot ikkje attval.

Vil vrake Sanner

Det er likevel ikkje alle i partiet som er like fornøgd med at Sanner ønsker attval, skriv Aftenposten. Ifølgje avisa har valkomiteen fått innspel om at nestleiarane ikkje bør veljast att, sjølv om dei stiller seg til disposisjon.

– I praksis blir det tatt til orde for at nestleiar Jan Tore Sanner ikkje bør få attval, skriv Aftenposten, som vidare melder at brevet kjem frå ein person i Høgres sentralstyre.

Samtidig seier kjelder i partiet at Sanner sit trygt. 54-åringen er i dag kunnskaps- og integreringsminister. Han har vore statsråd sidan 2013 og Høgre-nestleiar sidan 2004.

Alle fylkesforeiningane i Høgre, og dessutan sideorganisasjonane, er inviterte til å komme med forslag til kven som bør vere med i arbeidsutvalet og sentralstyret dei neste to åra. Endeleg frist for innspel er sett til utgangen av året.

Kven kjem inn?

Samtidig er det klart at leiar av Høgres Kvinneforum, stortingsrepresentant Tina Bru, ønsker avløysing frå dette vervet. Bru er blant dei namna som hyppigast blir nemnde med tanke på framtidig rolle i Høgre-leiinga.

Leiaren i valkomiteen Harald Furre sa dette til NTB i november då framtidige leiaremne i partiet var tema:

– Det er heilt opplagt at nokon av statsrådane er det – Ine Marie Eriksen Søreide og Torbjørn Røe Isaksen. Så har vi dei som er ti år yngre enn dei igjen – Henrik Asheim, Tina Bru og Mari Holm Lønseth.

Søreide (43) er utanriksminister, medan Røe Isaksen (41) er næringsminister. Asheim (36) er i dag leiar av finanskomiteen på Stortinget, Bru (33) sit i energi- og miljøkomiteen, medan Holm Lønseth (28) er i kommunal- og forvaltningskomiteen.

Innstillinga frå valkomiteen skal vere klar i slutten av februar. Landsmøtet blir halde 27.–29. mars neste år.

(©NPK)