Tollarar brukte peparspray for første gong

Norske tollarar har kunna bere peparspray lovleg i litt over ein månad. Fredag brukte ein tollar peparspray mot ein person for første gong.
innenriks

Tolletaten skriv i ei pressemelding at dei brukte peparspray mot ein person under ein kontroll i Kristiansand.

Personen skal ha vore svært rusa og gått til angrep på tollarar.

– Denne hendinga er heldigvis ikkje daglegdags for tenestemennene og -kvinnene våre, men ho er samtidig eit konkret døme på at vi ofte står opp mot personar som ikkje ønsker å la seg kontrollere og som er villige til å bruke vald for å unngå dette. Eg er glad for at vi raskt fekk kontroll på situasjonen, til det beste for alle partar, skriv divisjonsdirektør Heidi Vildskog i pressemeldinga.

Etter at tollarane fekk kontroll på mannen, vart han overlevert til politiet.

Norske tollarar har hatt lov til å bere peparspray sidan 21. oktober.

I 2016 vart det gjennomført eit prøveprosjekt der tollarane fekk bere peparspray. Tollarane sa sjølv at dei då opplevde det som ein stor tryggleik å bere sprayen. Derfor heldt dei fram å gjere det, sjølv om det ikkje var lov.

(©NPK)