Stor oppgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs steig onsdag med 1,63 prosent til 898,64 poeng.
innenriks

Det er den sterkaste utviklinga på børsen sidan 25. oktober, skriv E24.

Energigiganten Equinor enda i omsetningstoppen med ein kursvekst på 2,0 prosent. DNB på andreplass hadde ein vekst på 2,1 prosent, medan Telenor på tredje gjekk opp 1,4 prosent.

Vidare auka Yara International med 1,9 prosent, Mowi 1,2 prosent og Aker gjekk opp 2,7 prosent.

Børsens desiderte vinnar var det farmasøytiske selskapet Photocure, som gjekk opp heile 19,15 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 62,98 dollar onsdag ettermiddag. Det er ein auke på 1,82 prosent frå då handelen starta.

Børsdagen enda med ein oppgang på 0,13 prosent Londons FTSE 100, medan DAX 30 i Frankfurt gjekk opp 1,20 prosent. CAC 40 i Paris hadde ein oppgang på 1,27 prosent.

(©NPK)