Tromsø kommune: – Ei tragisk hending

Tromsø kommune jobbar med å ta vare på rørte etter drapssaka på Tromsøya. Ordførar Gunnar Wilhelmsen kallar hendinga ein tragedie.
innenriks

– Dette er ei tragisk hending for alle involverte. Tankane våre går til dei næraste og alle som er rørt. Vi gjer det vi kan for å hjelpe der det er behov, seier Wilhelmsen.

Kommunen heldt pressekonferanse om saka tysdag.

Ei kvinne i 20-åra og hennar tre barn på seks, fire og eitt og eit halvt år vart funne livlause i sjøen ved Fagereng på Tromsøya måndag ettermiddag. Kvinna og jenta på seks år døydde måndag kveld.

Politiet etterforskar no den avdøde kvinna for drap og drapsforsøk på barna.

Ektemannen til kvinna kom til Tromsø i 2016, medan kvinna og barna kom året etter på familiegjenforeining, ifølgje Wilhelmsen.

Mannen er i jobb i Troms, medan kvinna hadde tilknyting til introduksjonsprogrammet i kommunen gjennom Flyktningtenesta.

Den seks år gamle jenta var elev ved Borgtun barneskule. Skulen heldt minnestund tysdag.

– Det er viktig for oss at skulen tar godt vare på elevane som er igjen. Barn har mange spørsmål når sånne ting skjer, det skal vi vaksne ta på høgaste alvor, seier avdelingsdirektør for skule Kari Henriksen i Tromsø kommune.

Kommunepsykologen og helsesjukepleiarar er tilgjengeleg for dei som ønsker det.

(©NPK)