PISA: Norske 15-åringar presterer svakare i lesing og naturfag

Særleg gutane slit med lesing, viser ei ny PISA-undersøking. Kvar fjerde gut ligg under kritisk grense for å kunne delta i jobb og vidare utdanning.
innenriks

Norske elevar ligg framleis over OECD-snittet, men samanlikna med 2015 presterer elevane svakare i lesing og naturfag, viser den nye PISA-undersøkinga som vart lagt fram tysdag.

Den internasjonale undersøkinga kartlegg kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag og blir gjennomført kvart tredje år.

– Openheit om resultat i skulen er viktig. Eg skulle gjerne sett at PISA-resultata var meir positive og er særleg bekymra for elevane som presterer på dei lågaste nivåa. Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for tidleg innsats og for å løfte alle elevar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Bekymra for gutane

Resultata viser at dei norske elevane presterer over OECD-gjennomsnittet i lesing og matematikk, og likt med OECD-snittet i naturfag. Sett over tid er det stabile resultat i alle dei tre fagområda, men prestasjonane har falle i naturfag og lesing samanlikna med førre undersøking i 2015. I matematikk er det inga endring frå 2015.

Særleg bekymrar Sanner seg for gutane sine leseferdigheiter. 26 prosent av gutane er på dei lågaste nivåa i lesing, medan dette gjeld 12 prosent av jentene. Til samanlikning var 21 prosent av gutane og 9 prosent av jentene på desse nivåa i 2015.

– Det er alvorleg at kvar fjerde gut slit så mykje med lesing at dei ligg under det OECD omtaler som ei kritisk grense for å kunne delta i vidare utdanning og jobb, seier Sanner.

Jentene best i alt

I undersøkinga svarer over halvparten av elevane at dei ikkje les på fritida. Til samanlikning var det 40 prosent som svarte dette i 2009. Samtidig aukar tida elevane bruker på å lese på skjerm. Fleire norske elevar enn snittet i OECD svarar at dei berre les når dei må.

Undersøkinga viser òg at forskjellen mellom resultata til gutane og jentene aukar. Norske jenter presterer for første gong betre enn gutane i alle dei tre fagområda.

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal meiner det ikkje er noko grunn til å slå alarm på grunn av resultata.

– Hovudbildet sidan første PISA-test i 2000 er eigentleg stabilitet og få overraskingar, seier Handal.

Sp vil melde Noreg ut av PISA

Aps utdanningspolitiske talsmann Torstein Tvedt Solberg støttar Handals syn.

– PISA har aldri fortalt heile historia om norsk skule. Høgre har tradisjon for å bruke store ord når PISA blir presentert, tala viser at det ikkje er grunnlag for verken jubel eller sjokk, men at det er behov for større satsing på tidleg innsats, ein meir praktisk skule og fleire kvalifiserte lærarar, seier han til NTB.

– Høgre har late PISA styre norsk skuledebatt i snart 20 år, og resultatet i dag illustrerer godt kvifor det er eit villspor. PISA-tala seier lite om kvaliteten på norsk skule og har stort sett vore stabile sidan tidleg på 2000-talet. Men hadde Høgre vore i opposisjon, ville dei truleg dømt norsk skule nord og ned i dag, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Senterpartiet meiner Noreg bør melde seg ut av PISA-undersøkinga.

– Dette er unødvendig testing som ikkje gir eit godt bilde av kva elevane lærer eller lærarane presterer. Det er unødvendig ressursbruk og gir eit usunt prestasjonsjag og ein konkurranse mellom elevar, lærarar og skular, seier Sps utdanningspolitiske talsperson Marit Knutsdatter Strand.



(©NPK)