Ny eksportrekord for norsk sjømat

Sidan 2010 har norsk sjømateksport dobla seg. For første gong vil Noreg i år eksportere sjømat for over 100 milliardar kroner.
innenriks

Ved utgangen av november hadde Noreg eksportert 2,4 millionar tonn sjømat til ein verdi av 97,7 milliardar kroner, noko som betyr at verdien av eksporten vil passere 100 milliardar kroner denne veka.

Sjømateksport utgjer med det 10 prosent av norsk vareeksport, inkludert olje og gass.

Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (Frp) meiner dette er gledelege nyheiter sidan sjømatnæringa skaper aktivitet i heile landet.

– Eg vil takke alle som har bidratt til denne rekorden. De gjer ein kjempejobb, seier Nesvik i ei pressemelding.

Det er EU og Frankrike som er dei viktigaste enkeltmarknadene for norsk sjømat. 65 prosent av norsk eksport går hit. Samtidig aukar etterspørselen frå fleire land i Asia, mellom anna i Kina, Thailand, Sør-Korea og Japan.

Laks står for rundt 67 prosent av norsk sjømateksport, men også torsk og makrell er viktige artar og står for høvesvis 10 prosent og 4 prosent av eksporten.


(©NPK)