Krigshelten Ragnar Ulstein er død

Krigsveteranen, forfattaren og historikaren Ragnar Leif Ulstein er død 99 år gammal. Ulstein var ein del av Kompani Linge under andre verdskrigen.
innenriks

Ulstein døydde tysdag morgon. Det opplyser Ulsteins son Anders Ulstein til NTB.

Ulstein vart fødd 19. april 1920 i Ulstein i Møre og Romsdal og var ein framståande motstandsmann under den andre verdskrigen.

Ulstein var løytnant i den britiske militæravdelinga Kompani Linge, som bestod av norske frivillige som skulle delta i britisk leidde operasjonar i Noreg under krigen og organisere, instruere og leie den norske motstandsrørsla.

Ulstein deltok under fleire operasjonar, mellom dei landgangen i Reine i desember 1941 og i ein sabotasjeaksjon mot eit forsynings- og troppeskip i Nord-Gulen utanfor Svelgen i 1943.

Frå hausten 1944 leidde Ulstein oppbygginga av heimestyrken med kodenamnet «Siskin» i Sogn.

Ulstein jobba etter krigen som journalist, sakprosaforfattar og statsstipendiat og skreiv fleire bøker om norsk deltaking i den andre verdskrigen. Han tok aktivt del i kampen for at dei norske fangane i tyske konsentrasjonsleirar skulle få erstatning frå Forbundsrepublikken Tyskland, og var sterkt engasjert i arbeidet for krigsinvalidane. Ulstein var òg aktiv politisk i Venstre.

Ulstein vart for innsatsen i krigen tildelt mellom anna St. Olavsmedaljen med to eikegreiner, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje og britiske Military Medal. For arbeidet sitt etter krigen er han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og Forsvarets heiderskors. Ulstein er for deltakinga i Tysklandsbrigaden tildelt Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar og Tysklandsbrigadens veteranmedalje.

(©NPK)