Ekspolitimann dømt til eitt år og ni månaders fengsel

Ein tidlegare politimann er dømt til fengsel i eitt år og ni månader for å ha skaffa seg seksuell omgang ved å misbruke stillinga si.
innenriks

Den tidlegare politimannen i 50-åra er òg dømt for ha prøvd å påverke ein aktør til å gjere eller la vere ei handling i samband med ei straffesak, og han er dømt til å betale 100.000 kroner i oppreisning til den fornærma.

Ifølgje dommen hadde mannen i ein periode i 2009 kontakt med ei kvinne som gav han opplysningar om narkotikamiljøet i Gjøvik-området, og dei to hadde samleie ved minst tre høve.

– Vi er tilfreds med at retten har forstått saka og vurdert bevisa på same måte som vi har gjort, seier statsadvokat Per Martin Utkilen til NTB.

Ba kvinna endre forklaring

Det var stillinga til mannen som sentral og høgtståande polititenestemann som gjorde det mogleg for han å skaffe seg seksuell omgang med kvinna, meiner lagmannsretten.

Etter at kvinna forklarte til Spesialeininga for politisaker at ho hadde hatt seksuell omgang med politimannen bad han henne fleire gonger om å endre forklaringa si, og sa at han skulle gi henne pengar, ifølgje dommen.

Mannen vart i april dømt i Gjøvik tingrett til fengsel i eitt år og ni månader, men anka dommen. To av punkta som mannen var dømt for, vart viste til ankeforhandling i lagmannsretten. Men også i Eidsivating lagmannsrett vart mannen dømt til fengsel i eitt år og ni månader.

Dømt for fleire forhold

I Gjøvik tingrett vart den 52 år gamle mannen òg dømt for fleire andre forhold, som å ha stole beslaglagt narkotika og for underslag av 900 ampullar av det ulovlege legemiddelet melanotan, som var beslaglagt og vart tatt vare på politihuset på Gjøvik.

Dette var likevel ikkje ein del av ankesaka i lagmannsretten.

– Vi har fått dommen, men har ikkje fått gått gjennom han enno, seier forsvararen til mannen, advokat Henrik Nikolai Bliksrud til NTB.

(©NPK)