«Pippi» tok imot Nordens språkpris

Pippi-skodespelar Inger Nilsson tok måndag kveld imot Nordens språkpris i Oslo. Ho får prisen for å ha styrkt språkforståinga til nordiske barn i generasjonar.
innenriks

TV-serien om Pippi har femtiårsjubileum i år, og juryen meiner Nilssons tolking av Astrid Lindgren-karakteren «har opna en ny verden hos barn, ikke kun i fantasien, men også inn i språket».

Juryen skriv i grunngivinga si at Nilsson i rolla som Pippi skapte ein udødeleg karakter, som har hatt umåteleg stor tyding for nabospråkforståinga blant generasjonar av barn i heile Norden.

– Det er heilt fantastisk! Ein får ikkje pris kvar dag! Det er ei ære, verkeleg. Eg vart utruleg overraska, sa Nilsson sjølv då det vart kjent at ho er vinnaren av prisen.

Prisen som Foreningen Norden som står bak, vart delt ut av Fredrik Skavlan på Abbediengen Hovedgård. Skavlan er sjølv ein tidlegare vinnar av prisen, som i år var eit kunstverk av Lars Lerin.


(©NPK)