VG rettar tre artiklar om Giske-saka

VG har gått gjennom ei stor mengde artiklar om skuldingane mot Trond Giske (Ap) og har retta innhaldet i tre av dei, opplyser redaktør Gard Steiro.
innenriks

I ein kronikk i VG måndag skriv Steiro at avisa har ettergått eit tresifra tal på artiklar om Trond Giske og Arbeidarpartiet i perioden frå valet i 2017 til våren 2019.

– Vi har dobbeltsjekka skriftleg dokumentasjon, kontakta enkelte kjelder på nytt og lytta til innvendingane frå Giske. Journalistikk blir kalla historias kladdebok. Store sakskompleks blir lagvis bygde. Informasjon kjem til og blir korrigert etter kvart. Det mest relevante er derfor ikkje å dissekere kvart enkelt avsnitt i gamle artiklar, men å vurdere dekninga i sin heilskap. Formålet med undersøkingane frå VG har vore å avklare om nokon av artiklane er uriktige og derfor bør rettast for framtidige lesarar, skriv Steiro.

Konklusjonen vart at det var grunn til å rette tre artiklar. Mellom anna publiserte VG to gonger eit sitat som slo fast at Giske hadde beklaga seksuell trakassering.

– Det er ikkje riktig. Han hadde beklaga åtferda si, men nekta for at han hadde trakassert nokon i forstanden i lova, skriv Steiro.

Tidlegare denne månaden retta, presiserte og beklaga TV 2 i alt ti saker om Trond Giske. I dei fleste artiklane var prinsippet om samtidig imøtegåing ikkje overhalde, ifølgje nyheitsredaktør Karianne Solbrække.

(©NPK)