– I dag har Frode Berg hatt korte møte med både Politiets tryggingsteneste og E-tenesta. Begge møta var på initiativ frå Berg, og det vart utveksla litt informasjon, seier advokaten til Berg Brynjulf Risnes til VG.
I møte med Forsvarets etterretningsteneste var det sjef Morten Haga Lunde som stilte.
Risnes vil ikkje gå inn på innhaldet i møta, som vart haldne på ein hemmeleg stad på Austlandet, men seier at det ikkje var snakk om noka debrifing.
– Dette var det Frode som ville gjere, og eg var til stades heile tida, seier Risnes.
Advokaten seier at samtalane i møta var på eit overflatisk nivå. Det er ikkje planlagt nye samtalar, men ifølgje Risnes kan dette bli aktuelt på eit seinare tidspunkt.
– I den grad det faktisk blir ein debrif er ikkje førebels klarlagt, men Frode er innstilt på å snakke med både E-tenesta, PST og EOS-utvalet. Han er open for å snakke med alle, seier Risnes.
Frode Berg vil tysdag kveld halde ein pressekonferanse på Gardermoen i Oslo.