Måndag kan du sjå planeten Merkur framfor sola

11. november står jorda og Merkur på linje, og det er mogleg å observere ferda til planeten framfor sola. Det er ikkje kvardagskost.
innenriks

Ein såkalla Merkur-passasje skjer 13 gonger kvart hundreår.

I Noreg kan ein oppleve fenomenet frå klokka 13.35 og til sola går ned, ifølgje Illustrert vitenskap.

Det kan gå mellom 3,5 til 13 år mellom kvar gong fenomenet hender. Sist var i mai 2016, då det skjedde ein sjeldan og uvanleg langvarig merkurpassasje. Det vil gå 125 år til vi kan oppleve ein meir langvarig planetpassasje.

Går ein glipp av hendinga 11. november, blir det ingen ny sjanse før i november 2032.

Liten svart flekk

Sidan Merkur ligg nær sola, er det ikkje lett å sjå planeten frå jorda. Han kan vere gøymd bak sola, eller han kan vere vanskeleg å sjå på grunn av dei skarpe solstrålane. 11. november ligg likevel ting til rette for å observere planeten, og du kan sjå han som ein liten svart flekk på solskiva.

Sidan Merkur er så liten, vil ikkje vernebriller åleine vere nok til å kunne få auge på det relativt sjeldne fenomenet, og ein er avhengig av ein kikkert eller eit teleskop. Det er òg viktig å verne auga.

Først å sjå i Oslo

Ifølgje Norsk Astronomisk Selskap vil ein først kunne sjå passasjen i Oslo klokka 13.40, når sola står lågt i nordvest. Der vil han vere synleg fram til sola går ned klokka 15. I Kristiansand står sola høgare på himmelen, og det vil derfor vere mogleg å sjå passasjen noko lengre, fram til solnedgang klokka 15.35.

I Bodø startar passasjen omtrent samtidig som sola går ned, og det vil derfor ikkje vere mogleg å oppleve fenomenet så langt nord i landet.

(©NPK)