Over 170 ordførarar ber rikspolitikarane skrote vasskraftforslag

Kraftskattutvalet til regjeringa har svikta oppdraget sitt, og forslaga deira må skrotast, krev 171 ordførarar.
innenriks

Partia på Stortinget fekk overlevert oppropet torsdag.

– Dette må kunne kallast eit massivt ordførarkrav, meiner Torfinn Opheim, leiar av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).

Mange av ordførarane som har underteikna oppropet, er med i LVK, men også andre distriktsordførarar stiller seg bak. Dei er alle samde i prinsippet om at kommunane må tene på å ofre naturressursar.

Forslaga frå kraftskatteutvalet, som vart leidd av tidlegare NVE-direktør Per Sanderud, er møtt med mykje kritikk etter at det vart lagt fram for ein månad sidan. Utvalet foreslår å droppe skatteinntektene som går rett til vertskommunane der kraftanlegga ligg. Til gjengjeld skal staten ta inn meir naturressursskatt, som rikspolitikarane så kan dele ut til kommunane igjen.

Taper milliardar kvart år

Vertskommunane vil tape 3,66 milliardar kroner årleg på å miste «sine» skatteordningar, og Operud har inga tru på at dei vil få pengane igjen.

– Det er som å tru på julenissen, seier Ap-politikaren.

«Bykommuner uten naturinngrepene blir de store vinnere, og vertskommuner de store tapere», heiter det i oppropet.

Ordførarane meiner heile utvalet har mislykkast i oppdraget dei fekk. Bakgrunnen for at utvalet vart nedsett, var nemleg rapportar om at skattesystemet gjer det ulønnsamt å oppgradere kraftverka – noko som kunne gitt Noreg endå meir kraft. Men verken bransjeorganisasjonen Energi Norge eller Småkraftforeninga trur forslaget frå utvalet vil gjere det lettare å investere i anlegga.

– Må få noko igjen

Ordførarane meiner det er nødvendig å endre skatteregimet, men ber rikspolitikarane starte på nytt og samarbeide med både kraftkommunane og kraftbransjen. Mange kommunar og fylke har sjølv store eigarinteresser i kraftselskapa.

Opheim meiner forslaget frå Sanderud-utvalet bryt med den historiske samfunnskontrakten, der vertskommunane får kompensert tapet av natur.

– Dette er yting mot yting. Her yter kommunane natur, då må dei få noko att. Kommunane skal òg ha del i den verdiskapinga som blir tatt ut av kommunane.

(©NPK)