Bergen kommune stenger meldingsteneste

Skuleappen Vigilo blir stengt av i Bergen kommune, etter at ein ny alvorleg feil er oppdaga.
innenriks

Feilen førte til at ei melding frå ein føresett til ein kontaktlærar gjekk ut til ei heil foreldregruppe, skriv Bergen kommune i ei pressemelding.

Dette er ein funksjon som Bergen kommune ikkje har avtale om å ta i bruk.

– Alvorleg feil

– Dette er ein alvorleg feil. Vi kjem til å krevje ei grundig forklaring frå leverandøren om korleis dei kan ta i bruk ein ny funksjonalitet som vi ikkje har bestilt, spesielt i lys av hendingane i den siste tid, seier byråd Linn Kristin Engø (Ap) for barnehage, skule og idrett.

Feilen kom av ei oppdatering av programvara som vart gjennomført fredag. Avviket vart oppdaga først måndag. Vigilo har no stengt av meldingstenesta og fjerna chattefunksjonen i appen.

Bergen kommune byrja å bruke appen i haust. Han skal brukast til kommunikasjon mellom foreldre og tilsette i skular og barnehagar.

Bergen kommunen har vedtatt å vente med å ta tenesta i bruk inntil vidare.

Responsfunksjon slått av

Administrerande direktør Øystein Viland i Vigilo avviser at det er ein feil i appen.

– Ein forelder har sannsynlegvis svart på ei gruppemelding som kontaktlæraren har lagt ut. Då blir det synleg for alle, seier Viland til Bergensavisen.

Dette er ikkje første gong skoleappen Vigilo sviktar. Tidlegare i oktober fekk foreldre utan foreldreansvar informasjon om barna sine, etter at informasjonen vart delt i skuleappen. Kripos vart kopla inn saka.

Svikten omfattar mellom anna tre barn som bur på hemmeleg adresse og ti barn som har familieforhold som gjer at foreldra ikkje skulle ha nokon informasjon om barna, skreiv Bergens Tidende.

(©NPK)