Senterpartiet klatrar vidare på ny måling

Senterpartiet fossar vidare fram og får ei oppslutning på 17,6 prosent på ei ny meiningsmåling.
innenriks

På Sentio-målinga som er gjort for Nettavisen og Amedia, går Sp fram 0,8 prosentpoeng frå september. Det er det beste resultatet som nokon gong er målt for partiet på Sentios målingar.

I september i fjor hadde Sp ei oppslutning på 9,1 prosent.

Også Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) set Sentio-rekord med ei oppslutning på 7,7 prosent, ein framgang på 1,6 prosentpoeng.

Arbeidarpartiet har likevel den største framgangen av alle partia med 2,2 prosentpoeng til 24,9 prosent.

Frp går mest tilbake med 3,4 prosentpoeng, til ei oppslutning på 9 prosent. Venstre går fram 1,1 prosentpoeng og hamnar så vidt over sperregrensa med 4,1 prosent.

Høgre får ei oppslutning på 20,9 prosent, ned 0,2 prosentpoeng.

Målinga har ein feilmargin mellom 1,2 og 3,1 prosent.

(©NPK)