Prognose: Aukande arbeidsløyse og låg bustadprisvekst framover

Norske bustadprisar går inn i ein periode med svak vekst dei neste tre åra, og arbeidsløysa vil auke, ifølgje ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse.
innenriks

– Norsk økonomi er snart på veg inn i ein konjunkturnedgang med tiltakande arbeidsløyse, seier sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse til Dagens Næringsliv.

Han seier at mykje tyder på Noreg er inne i ein lengre periode med låg bustadprisvekst.

Den halvårlege rapporten med prognosar for norsk økonomi og norske bustadprisar blir lagt fram av Samfunnsøkonomisk analyse på ein konferanse i regi av Norges Eiendomsmeglerforbund og Selvaag Bolig torsdag.

Kort samanfatta blir utviklinga i norske bustadprisar laber framover, ifølgje rapporten, med ei nominell bustadprisstigning i Noreg på 7,1 prosent frå inngangen av 2019 til 2022. For Oslo ventar Benedictow at bustadprisane samla stig med 10,1 prosent nominelt. Prisstiginga elles er venta å vere på 8,1 prosent, noko som inneber ein realprisnedgang på éin prosent på landsbasis.

– Når vi går inn i 2021, ventar vi at også norsk økonomi er på veg inn i ein konjunkturnedgang med tiltakande arbeidsløyse, som når fire prosent i 2022, seier Benedictow.

Arbeidsløysa i Noreg låg på 2,2 prosent i september.

(©NPK)