Setlar for over 4 milliardar kroner blir snart for gamle

Gamle 50- og 500-lappar går ut av sirkulasjon fredag 18. oktober, eitt år etter at dei nye setlane vart lanserte.
innenriks

– Noregs Bank oppmodar publikum til å bruke eller setje gamle 50- og 500-kronesetlar inn på konto før denne fristen, seier direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank Leif Veggum.

Noregs Bank tar setlane ut av sirkulasjon eitt år etter lanseringa av dei nye 50- og 500-kronesetlane.

Setelserien som er på veg ut, vart introdusert i åra 1994–2001.

I månadsskiftet september/oktober var det 8,1 millionar gamle 500-kronesetlar og 12,4 millionar gamle 50-kronesetlar i omløp. Det svarer til 4,6 milliardar kroner.

– Det er ei stor mengde setlar, så vi håper så mange som mogleg no tar ein ekstra kikk i skuffar og skap for å sjå om dei kan ha gamle setlar liggande, seier Veggum.

Etter 18. oktober kan setlane vekslast gebyrfritt hos Noregs Bank i minst ti år. Det blir gjort ved å troppe opp ved eitt av depota til Noregs Bank eller ved å sende setlane til sentralbanken.

(©NPK)