P4-gruppen skal kutte stillingar

P4-gruppen skal kutte mellom fire og sju stillingar, ifølgje Medier24. P4-direktør Kenneth Andresen stadfestar at det er ein prosess i gang i radiobedrifta.
innenriks

– Eg kan stadfeste at vi har ein prosess knytt til ein nokre svært få overtalige i radioverksemda. Så lenge prosessen er i gang, er det ikkje naturleg at eg kommenterer han noko ytterlegare utover at slike prosessar alltid blir opplevd som krevjande, seier Andresen til Medier24.

Måndag varsla NENT Noreg, som eig P4-gruppa, at mellom 30 og 50 årsverk skal forsvinne frå selskapet som eit ledd i ei omfattande omorganisering.

Andresen stadfestar overfor bransjenettstaden Kampanje at kutta i P4 ikkje er ein del av prosessen i NENT.

(©NPK)