Thomas Hylland Eriksen får Akademikerprisen

Sosialantropologen og samfunnsdebattanten Thomas Hylland Eriksen får Akademikerprisen for si forsking og kunnskapsformidling.
innenriks

Det opplyser Akademikerne i ei pressemelding.

Juryen skriv i grunngivinga at Hylland Eriksen har bidratt til større innsikt i tema som globalisering, nasjonalisme, identitet og etnisitet. Forskaren har òg markert seg med arbeidet sitt når det gjeld klima og miljø og engasjementet sitt for verdien av å byrje i det små for å løyse store utfordringar.

«Forskningen illustrerer på en god måte verdien av samfunnsvitenskapen i vår tid, nemlig overblikket og å se trender i en sammenheng», heiter det i grunngivinga.

– Som forskar sit ein mykje åleine og er usikker på om nokon bryr seg om det ein jobbar med. Å vinne denne prisen betyr at andre synest det eg gjer er interessant og har ein verdi. Det er ei veldig stor oppmuntring og gjer at eg får lyst til å halde fram, seier Hylland Eriksen.

Sosialantropologen vart professor ved Universitetet i Oslo allereie som 33-åring.

Prisutdelinga finn stad på Hotell Christiania i Oslo 17. oktober.

(©NPK)