Staten har brukt 30 millionar kroner på litteratursatsing i Tyskland

Neste veke fer statsministeren, kronprinsessa og 100 norske forfattarar til Frankfurt for å lage litteraturfest. Noreg har brukt 30 millionar kroner på gildet.
innenriks

Noreg er hovudland under bokmessa i Frankfurt, og derfor blir det hundrevis av norske arrangement i det tyskspråklege området gjennom heile året.

Når messa opnar neste veke, blir det endå meir aktivitet i den norske paviljongen, som har kosta 8 millionar kroner.

– Sjølvsagt blir det eit heidundrande mediesirkus og tusenvis av oppslag. Det kjem til å sjå storslått og hyper-vellykka ut, Mette-Marit på Dagsrevyen og tyskarar som skåler for eit land som har hundre forfattarar av verdsklasse, men erfaringa frå andre land viser at alt er tilbake til kvardagen etter eit par år, seier forfattar Jan Kjærstad til NTB.

Han er ein av få kritiske røyster som offentleg har kommentert pengebruken rundt det som blir karakterisert som Noregs «største utanrikskulturelle satsing i moderne tid».

– I mine auge kunne vi styrkt norsk litteratur i utlandet på ein mykje betre måte ved å bruke pengane annleis. Anten som arbeidsstipend til fleire forfattarar eller som langvarig støtte til omsetjingar, seier Kjærstad.

Millionsatsing

NTB har fått innsyn i budsjettet for hovudlandssatsinga. Dei totale utgiftene er på 51 millionar kroner. Av dette kjem 30 millionar kroner frå staten, medan 21 millionar kroner kjem gjennom andre tilskot og sponsorar.

Pengane går mellom anna til litteraturarrangement i Tyskland, forfattarbesøk og omsetjingsstøtte, opplyser Senter for norsk litteratur i utlandet (NORLA), som har ansvaret for prosjektet.

8,8 millionar kroner går til PR-arbeid og 12,2 millionar kroner til administrasjon.

Berre dei fem dagane messa varer, reiser 100 norske forfattarar til Frankfurt. NORLA betaler til saman rundt 675.000 kroner i reise og opphald for dei.

På toppen av dette deltar kronprinsesse Mette-Marit, som skal reise med eit «litteraturtog» frå Berlin til Frankfurt. Saman med statsminister Erna Solberg (H) og kulturminister Trine Skei Grande (V) opnar ho messa tysdag.

Reagerer på omfanget

Jan Kjærstad seier at han ikkje har noko imot satsinga på norsk litteratur.

– Det er omfanget i 2019 eg reagerer på, denne naive omfamninga av hovudland-ideen. Eg har heller ikkje noko imot at norsk litteratur får mange millionar, det er prioriteringa av Frankfurt eg er skeptisk til, seier han.

Forfattaren viser til erfaringane frå tidlegare hovudland under messa, og meiner resultata ikkje står i stil med den store satsinga.

– Betre kvardag

Prosjektleiar for det norske hovudlandsprosjektet, Halldór Gudmundsson, forstår at det blir stilt spørsmål ved pengebruken.

– Det er berre sunt for oss, og gjer at vi skjerpar arbeidet vårt.

Han meiner prosjektet allereie har gitt resultat, mellom anna i form av 230 nye omsetjingar av norsk litteratur til tysk frå september 2018 til slutten av 2019.

Gudmundsson var òg prosjektleiar då Island var hovudland i Frankfurt i 2011. Han meiner erfaringane derfrå viser at ein kan få langvarige resultat.

– Viss du ser på talet på omsetjingar frå islandsk til andre språk tre år før Island var gjesteland og tre år etterpå, så ser du at talet på omsetjingar har dobla seg, seier han.

Han utdjupar:

– Det stemmer at det kjem ein kvardag, men det blir truleg ein betre kvardag enn før.

Ytringsfridom og demokrati

Kulturminister Trine Skei Grande seier dei ser gode resultat av satsinga på bokmessa.

– Norsk litteratur blir presentert på fleire hundre arrangement – på bokmesser, litteraturhus, bibliotek og i bokhandlar over heile landet. Salet av rettar til norsk litteratur har auka dei siste to åra, både i Tyskland og internasjonalt. Resultatet er solid rekord i talet på utgitte boktitlar på tysk. I tillegg bidrar gjestelandssatsinga til å fremme ytringsfridom, kulturelle rettar og demokrati for eit internasjonalt publikum, seier ho.



(©NPK)