SSB: Forskjellane aukar med skattesystemet til Solberg-regjeringa

Inntektsforskjellane har auka noko som følgje av endringar i skatte- og avgiftssystemet under Solberg-regjeringa, konkluderer SSB i ny rapport.
innenriks

I rapporten har Statistisk sentralbyrå sett på den omfordelande effekten for skattane i seks år med Solberg-regjeringa og samanlikna med effektane av skatte- og avgiftssystemet frå 2013.

– Både endringar i inntekts- og formuesskatten og endringar i den indirekte skattlegginga trekker i retning av noko mindre omfordeling, seier SSB-forskar Thor Olav Thoresen til NTB.

Sidan 2013 har skattekutt vore ein gjengangar i budsjetta til Solberg-regjeringa. Samla sett er skattane reduserte med 25,5 milliardar kroner, mellom anna har skatten på alminneleg inntekt vorte redusert frå 28 til 22 prosent.

Denne enkeltendringa har bidratt mest til svakare omfordeling av inntekt, ifølgje SSB.

Aukar forskjellane

For å finansiere inntektstapet som følgje av inntektsskatteendringane vart det lagt om frå toppskatt til trinnskatt i 2016, noko som har trekt i motsett retning.

Det var brei politisk semje om å redusere skatten på alminneleg inntekt i samband med at selskapsskatten har vorte sett ned frå 28 til 22 prosent, som er på linje med gjennomsnittet i OECD-landa, dei siste åra.

I dei første åra sine sørgde Solberg-regjeringa både for å fjerne arveavgifta, dei auka botnfrådraget og gjorde solide kutt i formuesskatten, noko regjeringa har fått massiv kritikk for.

Mindre formuesskatt aukar ikkje forskjellane

Endringar i formuesskatten har hatt tilnærma null effekt på inntektsfordelinga, ifølgje SSB-rapporten.

– Vi hadde forventa at effekten var større via formuesskatteendringane. Årsaka er at skattelettane har falle for ein del hushald med låg inntekt, men høg formue, seier Thoresen i SSB, og peikar mellom anna på personar med mellombels låg inntekt som følgje av tap på aksjeinvestering og i næring.

Samtidig er skattelettane størst hos dei med høgast formue, som venta.

Ap og Sp: Usosiale skattekutt

Nestleiar og finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, seier til NTB at Høgre med kunnskap og vilje har auka forskjellane mellom folk.

– Dei rikaste har fått 100 gonger meir i skattekutt enn dei med dei lågaste lønningane med Erna Solberg. Vil ein ha mindre forskjellar, må skattepolitikken verke omfordelande. Det er mest rettferdig, og det gir òg eit betre grunnlag for større verdiskaping for landet, seier ho.

Ho får støtte av Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad, som kallar skattepolitikken til regjeringa for usosial.

Høgre: Tar fleire omsyn

Denne undersøkinga gjeld berre personskatten, og det er ikkje lagt inn velferdsordningar, som har vorte styrkte under denne regjeringa, understrekar finanspolitisk talsmann Henrik Asheim i Høgre til NTB.

– Skattesystemet har fleire formål og tar mange omsyn. Det er ikkje berre laga for omfordeling, men for at det skal lønne seg å jobbe, at det skal skapast nye bedrifter og leggast avgifter på ting vi ikkje liker, seier han.

Asheim trekker fram at SSB-rapporten viser at endringane i formuesskatten ikkje har hatt stor effekt på inntektsforskjellen, slik venstresida har for vane å kritisere regjeringa for, men at det er endringane i inntektsskatten som er den største årsaka til svakare omfordeling. Dette er endringar som kom i skatteforliket, og som Ap og SV har vore med på.

– Det er veldig små endringar, men dei treffer alle, og det gir utslaget i rapporten, seier han.

Omfordelinga auka med dei raudgrøne

NTB har spurt Finansdepartementet om finansminister Siv Jensen (Frp) vil kommentere rapporten, men har førebels ikkje fått noko svar.

Tidlegare har SSB sett på den omfordelande effekten for skattane i dei åtte åra med den raudgrøne regjeringa. Den gong konkluderte dei med at dei omfordelande effektane ved skattesystemet auka.


(©NPK)