Naturskadar har kosta Noreg over 30 milliardar kroner sidan 2008

Klimakostnadene aukar, slår Finans Norge fast. Sidan 2008 har klima- og vêrrelaterte skadar kosta Noreg over 30 milliardar kroner, ifølgje ny rapport.
innenriks

Statistikk som går tilbake til 1980, viser at erstatningar for naturskadar har vore spesielt høge dei siste åra, ifølgje Finans Norge.

Seks av dei ti verste åra med naturskadar har komme dei siste åtte åra. Det førebels verste naturskadeåret som er registrert i Norsk Naturskadepool, var 2011. Det vart då gjort skadar for nesten 3 milliardar kroner.

– Tala viser at naturskadane kjem oftare enn før og rammar fleire, seier direktør Hege Hodnesdal for skadeforsikring i Finans Norge.

Skadane gjeld både bygningar og innbu hos privatpersonar og næringsliv. I tillegg kjem skadar på bilar, båtar, offentleg eigedom og infrastruktur.

(©NPK)