Fleire XXL-butikkar arrangerte dugnader med gratisjobbing

Tilsette ved XXL på Storo i Oslo er ikkje åleine om å jobbe gratis. No innrømmer XXL at gratisjobbing òg har funne stad på andre varehus.
innenriks

Avsløringa om at tilsette ved Storo måtte jobbe gratis på 1. mai skapte sterke reaksjonar.

No skriv E24 at fleire XXL-varehus i Noreg har arrangert slike «dugnadsdagar», der tilsette har vorte oppmoda til å møte på jobb og arbeide utan lønn.

Leiinga i XXL stadfestar dette.

– At tilsette i butikkar, mellom anna på Majorstuen, vart bedne om å jobbe på «dugnad», er noko vi vart klar over for nokre år sidan og då rydda opp i, opplyser XXL-sjefen i Noreg, Anders Kjellén.

Fleire tilsette seier til E24 at dei syntest det var drygt, og at fleire som ikkje møtte opp til gratisjobbinga, fekk høyre dette i ettertid.

Kjellén seier at det har «vært en uheldig dugnadskultur i XXL tilbake i tid», men hevdar samtidig at dette vart avdekt i 2017, og at leiinga då tok eit klart oppgjer med dette og rydda opp.

Han hevdar at leiinga i XXL ikkje er kjent med at denne praksisen har halde fram etter oppryddinga, med unntak frå årets hending på Storo.

(©NPK)