Dokumentarar om svineprodusentar og pelsdyrnæringa får Fritt Ords Honnør

Fritt Ords Honnør blir tildelt skaparane bak dokumentarar om dyremishandling i pelsindustrien og svineproduksjonen i Noreg.
innenriks

Frank Nervik, Norun Haugen, Ola Waagen og Piraya Film blir tildelte prisen for dokumentarfilmane «Pels» (2014) og «Griseindustriens hemmeligheter» (2019).

– Prisvinnarane har gjennom eit imponerande arbeid og med utfordrande metodar bidratt til nødvendig debatt både om pelsdyr og svinehald i Noreg. Stiftelsen Fritt Ord meiner ytringane deira har vore eit viktig bidrag til offentleg debatt om levekåra og eigenverdien for dyr, seier nestleiar Bård Vegar Solhjell i Fritt Ords styre.

«Griseindustriens hemmeligheter» vart send i NRK-programmet Brennpunkt i juni i år og avdekte omfattande lov- og regelbrot i grisefjøs og -slakteri.

Delar av dokumentaren vart filma med skjult kamera av Norun Haugen, som var på 13 grisefarmar i Noreg over fem år.

Etter at programmet vart sendt, har Økokrim sikta tre grisebønder for brot på dyrevelferdsloven.

Også «Pels» vart vist i Brennpunkt. Frank Nervik brukte skjult kamera til å dokumentere forholda for dyra og haldningar i pelsdyrnæringa. Filmen viser brot på god dyrevelferd.

Kvar av dei fire prisvinnarane blir tildelte 100.000 kroner. Dei får prisen 22. oktober.

(©NPK)