Britisk fiskar identifisert som den døde på Vengsøya

Mannen i 50-åra som vart funnen død på Vengsøya i Troms førre veke, er no identifisert som ein fiskar frå Storbritannia, ifølgje politiet.
innenriks

Briten er identifisert som Roger Brian Hart. Han er 55 år gammal, var fiskar og oppheldt seg på Vengsøya i samband med arbeid, opplyser politiet i ei pressemelding torsdag.

Mannen vart 3. oktober funnen død i ei leilegheit ved eit fiskemottak på øya, som ligg nordvest for Tromsø. Kort tid seinare melde ein 29 år gammal mann seg for politiet. Han er varetektsfengsla og sikta for kroppskrenking.

Den avlidne er obdusert, men obduksjonen gav ikkje noka eintydig dødsårsak. Den vidare etterforskinga dreier seg om innhenting og gjennomgang av teknisk materiale og avhøyr av vitne.

(©NPK)