Noreg ber Tyrkia vere tilbakehalden

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide oppmodar Tyrkia til å vere tilbakehalden i Nord-Syria. SV og Raudt meiner Noreg no må legge press på tyrkarane.
innenriks

– Vi følgjer nøye med på utviklinga og har merkt oss rapportar i media om at ein tyrkisk militæroperasjon no skal vere i gang. Vi oppmodar under alle omstende Tyrkia til å vere tilbakehalden og respektere internasjonal humanitær rett, seier Eriksen Søreide.

Ho legg til at det per i dag er vanskeleg å seie korleis situasjonen vil utvikle seg, og kva som eventuelt vil skje med IS-fangane som er internerte i Al-Hol-leiren. I leiren er det fleire norske kvinner og barn.

Offensiv i gang

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har den siste tida sendt store militærstyrkar til grensa, og onsdag ettermiddag kunngjorde han at den varsla offensiven er i gang. Målet er å tvinge den kurdiske YPG-militsen på retrett frå grenseområda.

Det skjer samtidig som USAs president Donald Trump har varsla at han vil trekke amerikanske soldatar ut av området, noko som av mange har vorte tolka som eit grønt lys for dei tyrkiske planane.

Krev protest

Partileiar Audun Lysbakken i SV meiner tida er inne for å legge diplomatisk press på Tyrkia. Han skuldar norske styresmakter for å lukke auga for dei tyrkiske truslane mot kurdarane.

– Kurdarane har vore spydspissen i kampen mot IS. No lukkar Europa og Noreg auga samtidig som Erdogan startar offensiven mot kurdarane. Vi krev ein kraftig og umiddelbar protest frå regjeringa, seier Lysbakken.

– Noreg må gå ut mot Erdogan no og vurdere snarlege sanksjonar mot Tyrkia. Dette kan vi ikkje godta frå ein alliert, seier han.

Stortinget får orientering

Partileiar Bjørnar Moxnes i Raudt fryktar at konsekvensen av militæroffensiven skal bli etnisk reinsing av kurdarar.

Han meiner Noreg umiddelbart må kalle Tyrkias ambassadør inn til UD for å levere ein protest.

– Vi meiner regjeringa må krevje at Tyrkia umiddelbart stansar invasjonen. Kurdarane har vore spydspissen i kampen mot IS, seier Moxnes til NTB.

– Svært alvorleg

Leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Anniken Huitfeldt (Ap), meiner situasjonen i regionen er svært alvorleg. Også ho viser til at kurdarane bokstaveleg talt har gått føre i kampen mot ekstremistgruppa IS.

No fryktar ho at offensiven skal gi IS sjansen til å gruppere om.

– Tyrkias mål er meir stabilitet, men eg fryktar resultatet blir meir ustabilitet, seier Huitfeldt.

Moxnes viser til at tusenvis av IS-krigarar i dag sit i fangenskap under kurdisk kontroll. Han fryktar at ein tyrkisk offensiv skal føre til at desse slepper fri.

– Det er farleg, ikkje berre for kurdarane, men også for europeiske land, seier han.

(©NPK)