Markering mot rasisme til minne om Johanne Zhangjia Ihle-Hansen

Utenlandsadoptertes politiske utvalg og Antirasistisk Senter heldt onsdag ettermiddag lysmarkering i Oslo-gatene for 17 år gamle Johanne Zhangjia Ihle-Hansen.
innenriks

Syttenåringen vart drepen før terrorangrepet på al-Noor-moskeen i Bærum 10. august. Stebroren hennar, Philip Manshaus (22), er sikta for drapet.

Ifølgje politiet har Manshaus forklart i avhøyr at han drap Ihle-Hansen fordi ho var av asiatisk opphav. Ihle-Hansen vart fødd i Kina og var adoptert til Noreg.

– Mange av offera for rasistisk og høgreekstremt hat i Noreg har vore barn og unge: Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen, mange av offera 22. juli, og no Johanne. Vi må bli mykje betre som samfunn til å verne barna våre mot rasisme og hat, seier leiar i Antirasistisk Senter, Rune Berglund Steen, i ei pressemelding.

Lysmarkeringa starta ved 17-tida på Jernbanetorget i Oslo med banner med bodskapen «hat treng motstand».

Vegen gjekk deretter til Stortinget, der mellom andre Oslos varaordførar Kamzy Gunaratnam (Ap) og ein av Ihle-Hansens nære venner heldt appellar. Undervegs var det fleire musikalske innslag, mellom anna med Hkeem, Kohinoor og Caspara.

Mange av deltakarane i lysmarkeringa hadde led-lys og små lamper, som dei sette framfor Stortinget forma som eit hjarte.

(©NPK)