Kurdarar demonstrerte på Oslo S

Omtrent 70 kurdarar demonstrerte med flagg og plakatar inne på Oslo S torsdag kveld etter at Tyrkia starta ein offensiv i Nord-Syria.
innenriks

Demonstrantane stod ved togtavla inne på sjølve stasjonen.

– Det har gått rimeleg fredeleg for seg. Vi har likevel fått melding om at det har vore tendensar til munnhoggeri då nokre tyrkarar passerte demonstrantane, seier operasjonsleiar Tor Jøkling i Oslo politidistrikt til NTB.

Demonstrantane møtte opp ved 18.30-tida onsdag.

(©NPK)