453 utlendingar tvangsutsende frå Noreg i september

I september transporterte norsk politi 453 personar ut av landet med tvang. Dette er det høgaste talet i ein enkeltmånad sidan september i fjor.
innenriks

Ein firedel av dei tvangsutsende, 120 personar, hadde fått éin eller fleire straffereaksjonar i Noreg, viser tal frå Politiets utlendingseining (PU), som har det nasjonale ansvaret for tvangsretur av personar utan lovleg opphald i Noreg.

Av dei straffa som har vorte transporterte ut så langt i år, hadde 16 prosent rumensk statsborgarskap, medan 13 prosent var frå Polen og 10 prosent frå Litauen.

Hittil i år har PU sendt 3.169 personar ut av Noreg. Det er 18 prosent færre enn til same tid i fjor.

Dei som er tvangsutsende av norsk politi i år, tilhøyrer 134 ulike nasjonalitetar, og dei er transporterte til i 120 ulike land. Landet dei utviste blir sende til, er ikkje nødvendigvis heimlandet.

Ukrainarar toppa lista over nasjonalitetar med 236 personar, følgt av 200 russarar og 187 rumenarar. Samtidig toppa Sverige lista over landa utlendingane vart sende til, med 336 utsendingar, sjølv om berre 22 av dei tvangsutsende var svenske borgarar.

(©NPK)