Forskarforbundet: Regjeringa nedprioriterer forskinga

Regjeringa legg opp til å bruke drygt 1 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) til forsking. For lite, meiner Forskarforbundet.
innenriks

Leiaren i forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind, meiner forslaget til statsbudsjett for 2020 inneber ein nedgang i løyvinga.

– Medan statsbudsjettet som heilskap har ein realvekst på 0,8 prosent, har dei samla forskingsløyvingane ein reell nedgang på 0,9 prosent, seier ho.

Delen av BNP til forsking og innovasjon har gått ned frå 1,06 prosent i 2019 til 1,03 prosent i 2020. Sidan 2017 har delen falle frå 1,09 prosent, ifølgje Lind.

– Mindre del

– Regjeringa bruker ein stadig mindre del av ressursane i samfunnet på det som skal løyse dei store samfunnsutfordringane, slår Lind fast.

I alt foreslår regjeringa å setje av nesten 39 milliardar til forsking og utvikling. Dersom ein reknar med Skattefunn-ordninga, aukar potten til 43,2 milliardar kroner, eller 1,14 prosent av BNP, noko forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) seier seg svært fornøgd med.

Skattefunn-ordninga er ei ordning der bedrifter kan trekke frå utgifter til forsking og utvikling på skatten.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa òg å følgje opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med til saman 585 millionar kroner i auka løyvingar. Men heller ikkje det monnar, ifølgje Lind.

– Veksten i løyvingar til universitets- og høgskulesektoren er på 0,5 prosent. Det er andre år på rad der denne sektoren får lågare vekst enn budsjettet som heilskap, seier ho.

1,3 milliardar i «ostehøvelkutt»

I tillegg blir universiteta utsette og høgskulane for flate ostehøvelkutt for sjette år på rad, påpeikar ho. Dei samla effektiviseringskutta er no oppe i nærare 1,3 milliardar kroner

– Dette er ikkje effektive kutt, det er tvert imot kutt som gir dårlegare forsking og undervisning. Eg er svært skuffa over at regjeringa ikkje følgjer opp formuleringa i Granavolden-plattforma om å målrette effektiviseringsreforma, seier Lind.

(©NPK)