Molde får ferjeavdelinga i Statens vegvesen

Statens vegvesen har vedtatt å legge den nye nasjonale ferjeavdelinga si til Molde.
innenriks

Vegdirektør Bjørne Grimsrud opplyser at det òg vart vurdert å plassere avdelinga i Bodø eller Stavanger.

I dag jobbar 23 tilsette i Statens vegvesen med ferje, men dei jobbar på åtte ulike stader: i Moss, Oslo, Stavanger, Bergen, Leikanger, Nordfjordeid, Bodø og Molde.

Seks medarbeidarar i Molde har i dag ferje som hovudoppgåve. Den nye ferjeavdelinga vil på sikt få ei grunnbemanning på 18 årsverk, opplyser Statens vegvesen.

(©NPK)