Medium: PST vil at Waras sambuar blir tiltalt etter paragraf om angrep mot statsmakta

PSTs innstilling i påtalespørsmålet for Laila Bertheussen er klar. Ifølgje NRK og Filter Nyheter ønsker PST tiltale etter paragrafen om angrep mot statsmakta.
innenriks

Innstillinga vart oversend måndag, opplyser Politiets tryggingsteneste (PST) på Twitter. No skal påtalemakta avgjere om det skal takast ut tiltale mot Bertheussen og kva ein tiltale i så fall skal innehalde, eller om saka skal leggast bort.

Det er ikkje kjent kva PSTs innstilling går ut på, men fleire medium som Nettavisen, NRK, Aftenpostenog Filter Nyheter, skriv at dei har kjelder som opplyser at PST har innstilt på å tiltale Bertheussen. Innstillinga skal omfatte fleire punkt i lova og fleire straffbare forhold.

– Heilt ukjent

– Det er heilt ukjent for meg, og at PST har vorte ei usikkerheitsteneste som lek til Nettavisen, håper eg ikkje. Det vil vere svært uheldig for tilliten til tenesta, skriv Laila Anita Bertheussens forsvarar, John Christian Elden, i ein SMS til NTB tidlegare måndag.

Ifølgje Filter Nyheter og NRK omfattar innstillinga mellom anna paragraf 115 i straffelova, som omhandlar angrep på verksemda til dei høgaste statsorgana. Strafferamma er inntil ti års fengsel.

– Eg kan umogleg ta stilling til til ein lekkasje frå PST om noko ho verken er mistenkt eller sikta for og dermed heller aldri spurt om, skriv Elden til NTB.

Riksadvokaten avgjer

Statsadvokat Marit Formo ved Det nasjonale statsadvokatembetet opplyser til NRK at dei har fått saka frå PST.

– I dei neste vekene vil vi gjennomgå saka og ta stilling til vårt syn på påtalespørsmålet. I denne saka er det Riksadvokaten som vil ta endeleg stilling til påtalespørsmålet, seier Formo.

Riksadvokaten tar ut tiltale i dei mest alvorlege straffesakene i Noreg.

Overfor Aftenposten seier Formo at ho ikkje kan grunngi kvifor det er Riksadvokaten og ikkje Det nasjonale statsadvokatembetet som skal avgjere i kva grad Bertheussen blir tiltalt eller ikkje. Ho kan heller ikkje seie når statsadvokatembetet ventar å sende innstillinga til Riksadvokaten.

Sikta for å ha tent på bil

Laila Anita Bertheussen, som er sambuar med tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), er sikta av PST for å ha tent på parets eigen bil ved bustaden deira i Oslo i mars i år.

Tor Mikkel Wara gjekk av som justisminister då det vart kjent at sambuaren var sikta. Ho fekk òg status som mistenkt i saker knytt til fleire hendingar ved bustaden til paret.

Bertheussen erkjenner ikkje straffskuld.