Island Offshore må seie opp tilsette

Island Offshore sender fartøyet Island Frontier i opplag etter at kontrakten med Equinor går ut. Selskapet varslar oppseiingar, men talet er ikkje klart.
innenriks

Brønnintervensjonsfartøyet Island Frontier står utan arbeid når kontrakten etter 13 år går ut 17. oktober, opplyser reiarlaget.

– Vi er evig takknemlege for den innsatsen mannskapet vårt har lagt ned alle desse åra, og det er veldig synd at vi ikkje lykkast med å forlenge kontrakten med Equinor, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i ei pressemelding måndag.

Leiinga har hatt drøftingsmøte med dei tillitsvalde med tanke på konsekvensar for dei tilsette.

– Vi synest det er forferdeleg trist å måtte la kompetente tilsette og gode kollegaer gå, men situasjonen er dessverre ikkje forbigåande og gir derfor ikkje grunnlag for permisjonar på Island Frontier. Oppseiingar er dessverre einaste alternativ, held Walaunet fram.

Ifølgje Sysla jobbar det 81 personar på fartøyet, fordelt på tre skift. Det er likevel ikkje klart kor mange som mistar jobben.

(©NPK)