Framleis isolasjon for Manshaus

Oslo tingrett har gitt politiet medhald i at draps- og terrorsikta Phillip Manshaus skal haldast i fullstendig isolasjon i to veker til.
innenriks

I avgjerda skriv retten at dei meiner det er nærliggande fare for at sikta vil øydelegge prov i saka dersom han ikkje blir halden isolert.

Dei viser til at saka framleis er i den innleiande fasen, og at politiet framleis held moglegheita open for at den sikta kan ha samarbeidd med andre om terrorhandlinga.

I rettsavgjerda står det at varetektsfengsling med fullstendig isolasjon ikkje er eit uforholdsmessig inngrep, og at han har samtykt til isolasjon i ytterlegare to veker.

9. september vart Manshaus varetektsfengsla i fire nye veker med brev- og besøksforbod. Ifølgje rettsavgjerda bad politiet òg om fire vekers isolasjon, men fekk medhald i to nye veker.

(©NPK)