FNB-leiinga tapte saka mot FNB i Oslo

Leiinga i bompengepartiet FNB ville nekte eit lokallag i Oslo å bruke namnet og logoen til partiet, men har tapt saka om eit mellombels krav hos Oslo byfutembete.
innenriks

Saka var oppe for retten på sjølvaste valdagen 9. september, og måndag var rettsavgjerda klar.

Leiinga i partiet gjekk til retten med krav om ei mellombels åtgjerd og kravde at FNB i Oslo skulle forbydast å bruke namnet og logoen til partiet, «og å gi seg ut for å vere del av partiet».

Kan seie nei til lokallag

Leiinga i partiet tapte saka hos byfuten, men retten slår fast at partiet må kunne krevje at laget i Oslo ikkje opptrer utetter som eit partiledd eller lokallag.

Retten grunngir dette med at sentralleddet i partiet – i mangel på anna regulering i vedtekter eller avtale – har mynde til å bestemme kva for eit eller kva for lokallag som representerer partiet.

– Vi er glade for medhald i det prinsipielle spørsmålet om at supporterforeininga i Oslo ikkje representerer Bompengepartiet, seier advokat John Christian Elden, som representerer partiet sentralt, til Stavanger Aftenblad.

– Viktig avklaring

– Det er ei viktig avklaring for korleis partiet steller seg i Oslo. Når også alle dei valde inn i Oslo bystyre held seg lojale til partiet, ser vi på dette for løyst. At byfuten ikkje ville gi åtgjerd fordi valet er halde i mellomtida, får vi berre ta til etterretning, held Elden fram.

Det har vore splid internt i Oslo om korleis ein skal halde seg til FNB sentralt. Den rettslege avklaringa stod dermed ikkje mot heile lokallaget, men ei fløy. I retten opplyste advokat Elden at det nyleg er oppretta eit nytt, eige og etter deira syn lovleg lokallag i Oslo.

Ifølgje Dagbladet skal Folkeaksjonen halde eit nytt årsmøte i Oslo for å avklare eit nytt styre og bystyregruppa sin tilhøyrsel til bompengepartiet.

I rettsavgjerda heiter det at Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) må betale sakskostnader på 37.500 til Folkeaksjonen nei til meir bompengar Oslo.


(©NPK)