FN-ekspert ber Noreg slutte å leite etter meir olje

Noreg må stanse leitinga etter nye olje- og gassreservar og ta eit større klimaansvar, meiner FNs spesialrapportør for menneskerettar.
innenriks

Som det rikaste landet i verda har Noreg eit særskilt ansvar for å vise veg i overgangen frå ein oljeavhengig til fossilfri økonomi, meiner spesialrapportør for menneskerettar og miljø David Boyd.

I ein rapport som FNs høgkommissær for menneskerettar har overlevert til norske styresmakter, heiter det:

«For å sørge for internasjonalt lederskap på klimaendringen, den største trusselen mot menneskerettighetene som menneskene står overfor i dag, bør Norge slutte å lete etter nye olje- og gass reserver, stanse utbyggingen av oljeinfrastruktur og bruke sin rikdom og oppfinnsomhet til å bli en fossilfri økonomi».

– Paradoks

FN-eksperten påpeikar òg at det er eit paradoks at pengane som Noreg brukar på å handtere klimakrisa, i stor grad kjem frå klimafiendtleg oljeproduksjon.

– Noreg, som eitt av dei rikaste landa i verda og ein av dei leiande olje- og gassprodusentane i verda, må akseptere eit særskilt ansvar for å vise veg når det gjeld utsleppskutt og tilpassing, og dessutan rette søkelyset mot tap og øydeleggingar, heiter det vidare i rapporten.

Rapporten vart kjent same dag som FNs klimatoppmøte i New York, der både statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er til stades.

– Vege tungt

Leiar Frode Pleym i Greenpeace Noreg meiner regjeringa må ta bodskapen på alvor.

– Noreg må snarast lytte til FNs ekspert og stanse leitinga etter fossile brensel. Vi veit at vi allereie har funne meir olje og gass enn vi kan forbrenne. Då er det meiningslaust å leite etter meir, seier Pleym til NTB.

– Det bør vege tungt for den norske regjeringa når FNs representant påpeikar paradokset i norsk klima- og oljepolitikk, nemleg at ein ikkje kan leite etter ny olje og gass viss vi skal klare målet om å halde temperaturauken i verda under 1,5 grader, seier han.

Tidlegare i år sette regjeringa ny rekord i tildelinga av nye blokkar for oljeleiting på norsk sokkel då 90 blokkar vart lyst ut.

Boyd meiner òg regjeringa må anerkjenne at miljøparagrafen i Grunnlova ikkje berre er eit prinsipp, men slår fast ein grunnleggande rett til å leve i eit sunt miljø.

Klimasøksmål

Nettopp dette punktet kan bli sentralt for den andre runden i klimasøksmålet mot staten, som kjem opp i Borgarting lagmannsrett i november i år. Det er Greenpeace og Natur og Ungdom som har saksøkt staten for brot på miljøparagrafen etter at det vart opna for oljeleiting i Barentshavet i 2016.

Gjennom søksmålet har argumentet til regjeringa vore at miljøparagrafen ikkje er ein rettsparagraf, men ein symbolsk paragraf om retten til eit reint miljø. Boyd kan bidra til å gi auka tyngde til saksøkarane, meiner leiar Silje Lundberg i Naturvernforbundet, som er partshjelp i klimasøksmålet.

– Det er direkte oppsiktsvekkande at FNs spesialrapportør så tydeleg ber den norske regjeringa om å snu i tolkinga av si eiga grunnlov. Få gonger tidlegare har norske styresmakter fått så tydeleg kritikk for handhevinga av eiga grunnlov, seier Lundberg.

(©NPK)