Bransjeekspert om Thomas Cook-konkurs: – Det kan bli kaos

Ein svensk flybransjeekspert åtvarar mot kaos på dei store flyplassane i Europa etter at reiseselskapet Thomas Cook gjekk konkurs natt til måndag.
innenriks

Ving Noreg er dotterselskap av Thomas Cook. Det norske selskapet har i dag opplyst at dei jobbar iherdig med å finne ei løysing for selskapet, og for dei 9.000 nordmennene som for tida er på reise med Ving.

Flybransjeekspert Jan Ohlsson åtvarar mot å gi kundane falske håp, skriv svenske Aftonbladet.

– Thomas Cook leasar store delar av flya sine. Sidan eigarane ikkje får betalt, kjem dei til å hente heim flya sine så raskt dei kan. Mange reisande vil bli ramma av dette – det kan bli kaos på dei store flyplassane i Europa, seier han til avisa.

Måndag formiddag var det fleire krisemøte i Ving Noreg. Selskapet inviterte først til ein pressekonferanse klokka 12, men pressekonferansen vart utsett kort tid etter.

Ifølgje nyheitsbyrået AP er rundt 50.000 Thomas Cook-kundar stranda i Hellas, opptil 30.000 står fast på Kanariøyene i Spania, medan 21.000 er på ferietur i Tyrkia og 15.000 på Kypros.

Totalt er 34.460 personar frå heile Norden på reise med selskap eigd av Thomas Cook.

Ving skriv på nettsidene sine at dei gjennom måndagen forventar å ha meir informasjon om kva som skjer vidare og understrekar at alle pakkereiser som er bestilte av Ving, er sikra av reisegarantifondet.

(©NPK)