Tajik: Usosialt å ta frå uføre pensjonstillegg

Ap-nestleiar Hadia Tajik og SV-leiar Audun Lysbakken reagerer sterkt på at regjeringa foreslår å kutte i skjermingstillegget til uføre pensjonistar.
innenriks

– Dei veit å gjere ting vanskelegare for folk som allereie har det vanskeleg, denne høgreregjeringa, skriv Tajik i eit innlegg på Facebook tysdag.

– Kuttfesten tar visst aldri slutt så lenge Høgre og Framstegspartiet styrer, hevdar ho.

Tajik går skarpt i rette med forslaget om å fjerne tillegget som skal skjerme uføre for levealdersjusteringa i alderspensjonen. Årsaka er ifølgje Ap-toppen at regjeringa sjølv ikkje har lykkast med å få fleire fullt ut arbeidsføre pensjonistar i jobb.

– Heller enn å gjere det lettare for seniorar å vere i arbeid, vil dei no kutte i pengane til dei som faktisk ikkje kan vere i arbeid. Dette er usosialt, seier ho.

Også Raudt og SV reagerer

SV-leiar Audun Lysbakken meiner forslaget føyer seg inn i ei stadig lengre rekke av sosialpolitiske grep frå regjeringa som går ut over dei svakaste.

– Endå ein gong går regjeringa laus på folk som ikkje har helse til å jobbe. Medan milliardærane får endelause skattekutt, går det knapt ein månad utan at Erna Solberg finn nye måtar å gå laus på dei som er sjuke og fattige. Vi må ha ordningar som sørger for at folk som ikkje har helse til å jobbe, blir skjerma for noko av levealdersjusteringa, seier Lysbakken til NTB.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes kallar forslaget «ei rein og skjær straff» og eit «svært grovt angrep på inntekta til uføre når dei blir alderspensjonistar».

– Regjeringa legg opp til å spare 1,3 milliardar på å skape endå større forskjellar mellom dei rike og dei fattige, seier han til NTB.

«Arbeidslinja»

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) viser til at Stortinget ved innføringa av skjermingstillegget i 2011 føresette at det skulle revurderast «etter nokre år». Det kan bli nødvendig å skjerme uføre for delar av verknaden av levealdersjusteringa, men regjeringa meiner det ikkje er behov for eit tillegg dei kommande åra, ifølgje statsråden.

Skjermingstillegget kompenserer uføre, som ikkje kan auke alderspensjonen sin ved å stå lenger i arbeid, slik yrkesaktive kan. No hevdar regjeringa at uføretrygda som blir alderspensjonistar, kan få opptil 50.000 kroner meir i årleg alderspensjon enn yrkesaktive som går av i tidleg 60-åra, ifølgje Dagens Næringsliv.

Hauglie poengterer at forslaget er «i tråd med arbeidslinja». Viss skjermingstillegget blir fjerna, vil det dessutan innebere ei innsparing på 1,3 milliardar kroner i 2030.

– Sjølv om pensjonsreforma har bidratt til at vi står lenger i arbeid, er det framleis mange som går av tidleg, og eit mindretal står i jobb til 67 år. Uføre er – sjølv utan tillegg – sikra eit pensjonsnivå som er like høgt som ein arbeidsfør som står i arbeid til 65–66 års alder, seier ho til avisa.

Vil kjempe imot

Forslaget vil berre ramme alderspensjonen til uføre. Nivået i uføretrygda vil ikkje bli rørt. Forslaget som er sendt på høyring, rettar seg mot uføre fødd i 1954 eller seinare.

Det er skakande at regjeringa sidestiller inntektsutviklinga til uføre og arbeidsføre gjennom livsløpet, meiner generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).

Ho ser forslaget i samanheng med trygdeoppgjera dei siste åra, som har gitt alderspensjonistane – òg uføre alderspensjonistar – «ingen eller minimal» kjøpekraftsauke.

(©NPK)