Raudt fryktar for Ap-MDG-miljøpolitikk

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er skeptisk til kva slags miljøpolitikk som kan bli resultatet av eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne.
innenriks

Allereie no ropar Moxnes varsku om den «elitistiske miljøpolitikken» ein regjeringsallianse mellom Ap og MDG kan komme til å føre om dei kjem i posisjon etter valet i 2021.

– Vi må stå for ein rettferdig miljøpolitikk. Dersom dei med dårlegast råd får rekninga for utsleppskutt, kan ein få brennande bildekk i retur, som i Frankrike, seier Moxnes til Klassekampen.

Fleire Ap-toppar har allereie ope lefla med tanken om eit samarbeid med MDG, men mange frå fagforeiningssida i partiet har problem med MDGs ønske om å legge ned oljeindustrien og einsidige støtte til bomring.

Moxnes har i staden ein plan for å få klimaaktivistar og industriarbeidarar på same lag i 2021 og samle raudt og grønt.

– Diskusjonen fram mot 2021 må inkludere heile den breie venstresida og fagrørsla for å sjå korleis Noreg kan bygge ny, miljøvennleg industri, seier Moxnes.

Først basert på dette, skal spørsmålet vurderast i kva grad MDG bør vere ein del av ein raudgrøn allianse i 2021.

(©NPK)