Arbeidarpartiet var den største taparen i 163 kommunar

I heile 163 av kommunane i landet var Arbeidarpartiet det partiet som gjekk mest tilbake i valet.
innenriks

Det viser ein gjennomgang NRK har gjort av valresultatet i alle 356 kommunar i landet.

Høgre var partiet med størst tilbakegang i 58 av kommunane.

Arbeidarpartiet var òg den største taparen i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim. Unntaket av storbyane var Stavanger, der tapte Høgre mest.

– Arbeidarpartiet er den største taparen uansett korleis du snur og vender på valresultatet. Det bør særleg bekymre dei at dei taper mykje i tradisjonelt sterke Arbeidarparti-område, seier valforskar Johannes Bergh til NRK.

(©NPK)