Tvangsutsend forskar fekk avslag på anke over dom på ti års fengsel i Rwanda

Ein tidlegare forskar ved Universitetet i Bergen, som vart tvangsutsend til Rwanda i 2016, har fått avslag på anken over ein dom på ti års fengsel i Rwanda.
innenriks

Joseph Nkusi kom til Noreg frå Rwanda i 2009 og dreiv ein opposisjonell blogg då han var i Noreg. Sju år seinare vart han tvangsutsend etter å ha fått avslag på søknaden sin om asyl i Noreg.

Både Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda (UNE) og Oslo tingrett kom fram til at han ikkje stod i fare ved å bli send tilbake til heimlandet.

– Dette er ei frykteleg tragisk sak. Her er det gjort feil frå Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda og tingretten som får store følgje for Nkusi og familien hans. Det er no naturleg at Noreg gjer alt som står i Noregs makt for å hjelpe han og familien hans, så langt det er mogleg, seier advokaten til mannen, Brynjulf Risnes, til Aftenposten.

Nkusi vart arrestert same dag som han kom Rwanda. I 2018 vart han dømd til ti års fengsel for regimekritiske artiklar som han skreiv i Noreg.

Etter dommen vart asylsaka hans gjennomgått og vurdert på nytt av UNE. Det enda med at UNE 29. oktober 2018 innvilga Nkusi vern i Noreg. Han vart innvilga arbeids- og opphaldsløyve og rett til å bli gjenforeina med familien, skriv avisa.

Risnes seier til Aftenposten han no vil be UD bruke diplomatiske kanalar til å gå inn i saka og på den måten prøve å få straffa redusert eller få Nkusi utevert til Noreg.

(©NPK)