Mann funnen død under traktor i Bø i Vesterålen

Ein mann i 70-åra vart måndag ettermiddag funnen klemt under ein traktor som stod nokre meter ute i sjøen i Sundsstraumen i Bø i Vesterålen.
innenriks

Mannen vart erklært død av lege etter at han vart henta opp av sjøen, opplyser politiet i Nordland.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 16.20 måndag. Traktoren vart brukt til å setje ut ein båt.

– Det var Ingen vitne til hendinga, så kva som skjedd her, får etterforskinga vise, siger operasjonsleiar Yngvar Fredriksen i Nordland politidistrikt til NTB.

(©NPK)