Arbeidstilsynet kritiserer Riksrevisjonen for brot på arbeidsmiljølova

Arbeidstilsynet har funne ei lang rekke brot på arbeidsmiljølova hos Riksrevisjonen og meiner Stortingets kontrollorgan «ikkje har nødvendig kontroll».
innenriks

Brota som er avdekte, gjeld mellom anna omfanget av overtidsarbeid og søndagsarbeid og 86 brot på lova om samanhengande arbeidsfri, skriv Dagens Næringsliv.

«Bruddene er av et slikt omfang at Arbeidstilsynet finner det nødvendig å varsle pålegg til virksomheten», skriv tilsynet.

I april skreiv Dagens Næringsliv at hovudverneombodet i Riksrevisjonen på eit internt møte beskreiv det som alminneleg at det vart triksa med timelister for å skjule lovbrot. Ein månad seinare opna Arbeidstilsynet tilsyn mot Riksrevisjonen.

I første omgang kan Riksrevisjonen komme med kommentarar til kritikken. Deretter må det setjast i verk tiltak innanfor fristane frå Arbeidstilsynet.

– Eg er takknemleg for at Arbeidstilsynet i rapporten sin påpeikar kva for feil vi har gjort i forhold til arbeidsmiljølova. Det gir oss moglegheita til å bli betre, og det er bra at det blir gjennomført tilsyn òg i kontrollorgan som Riksrevisjonen, skriv riksrevisor Per-Kristian Foss i ein e-post.

(©NPK)